Vil du bli vår nye kvalitetsleiar?

 Vi søker kvalitetsleiar med erfaring frå næringsmiddelindustri.

Fokuset vårt er retta mot auka bearbeiding av alle produkta vi arbeider med. I tillegg til rolla som kvalitetsleiar skal du derfor, saman med leiinga i selskapet, ha rolla som koordinator og pådrivar i arbeidet med produksjon av ferdigvare og produktutvikling. Du må vere strukturert, og ha eit sterkt engasjement for produkt, produktutvikling og kvalitetsleiing.

Viktige ansvarsområde:

  • Kjennskap til regleverket for matproduksjon
  • Utvikling av vårt kvalitetssystem VisWeb, og ein aktiv pådrivar i bruk av systemet
  • Vidareføring av dei sertifiseringane fabrikkane har (FSSC 22000, MSC, HACCP)
  • Hygieneopplæring av tilsette, med særskilt fokus på oppfølging av arbeid med reinhald
  • Kontroll av hygiene og avviksbehandling
  • Mikrobiologisk prøvetaking
  • Ansvarleg for revisjonsaktivitetar (intern- og ekstern revisjon)
  • Oppfølging av kundekrav, i samarbeid med seljar

Vi søker deg som har slik kompetanse / slike eigenskapar:

  • Interesse for produktutvikling og produksjonsprosess
  • Utdanning innan næringsmiddelfag eller tilsvarande relevant praksis
  • Erfaring frå næringsmiddelindustri
  • Beherske verktøy for datarapportering
  • Kan inspirere, har gode samarbeidsevne og er løysingsorientert
  • Systematisk og grundig med fokus på kvalitet
  • Positiv, påliteleg og evne til å tenkje nytt
  • God til å kommunisere profesjonelt overfor interne og eksterne samarbeidspartar

Som arbeidsgivar kan vi tilby:

  • Sikker arbeidsplass i eit stort sjømatkonsern
  • Konkurransemessig løn og personlege vilkår
  • Moderne anlegg og utstyr
  • Utviklingsmoglegheiter i ei spennande bedrift

Kontorstaden er på Ellingsøya, men ansvaret ditt gjeld og oppfølging av fabrikkane våre i Ålesund, Hustad, Sula og i Lofoten.

For spørsmål, ta kontakt med dagleg leiar Inger-Marie Sperre, telefon 924 03 932

Søknadsfrist: Så snart som mogleg og seinast 26. april 2021.
Søknad skal sendast til This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.
Søknadane blir vurdert etter kvart som dei kjem inn.

  • All pages bottom

    Fresh from the cold waters of the north